torsdag 5. november 2009

Eg har sydd

Eg er ikkje den som kan vise fram mykje spennande heimelaga her på bloggen min. Eg er ikkje det. Men i dag skal eg vise dykk puta eg plutseleg fekk føre meg at eg skulle sy.



Det har seg nemleg slik at eg for ei veke sidan kom over ein liten, sliten kvit barnekorgstol på den lokale gjenbruksforretninga. Med litt brukne greiner (kva i all verda kallar ein det ein korgstol er laga av når ein skal peike på delar av det?, ja ja, det forstår kva eg meiner...) kunne stolen trenge ei pute. Eg trur det kan ha vore eit lite barnebein som kan ha tråkka litt for hardt på setet. Men for ein slikk og ingenting godtek ein jo det meste. Eg kunne jo sy, tenkte eg optimistisk den gongen. Så gjekk nokre dagar og eg la oppi ei gammal dokkedyne imens.



Men i dag fekk eg det altså føre meg at dagen var komen. Eg sette meg til maskina og sydde i veg. Uglemotiv sjølvsagt, etter mykje inspirasjon her inne. Eg synast ho blei ganske fin, eg, he he.



Og ho passar fint i den slitne stolen.




Med eitt kom eit nytt møbel fram. Kjekke ting!
No ventar eg berre på at småjentene skal kome heim frå skule og barnehage. Denne stolen er nemleg Frøken Minst (1) sin, men storesystrene vil alltid ha det ho får...


Ha ein god dag vidare alle kreative sjelar der ute, som får meg til maskinen att, etter minst 15 år. Takk for det!

5 kommentarer:

  1. For et fint putetrekk! Så flink du er! Hilsen fra Pillepalle

    SvarSlett
  2. så flink du er!!!
    nydelige farger- me like :)

    varm klem fra meg

    SvarSlett
  3. Kjempe skjønn stol, og puten blei kjempe fin synes jeg.. Jeg likte den veldig godt :)
    Hehe, ja kjenner veldig godt til det med at storesøster skal ha ALT lillesøster har :P

    SvarSlett
  4. ÅÅÅåå så søt den puten ble da:-) kjempefin.. utrolig gøy når man får det til.. symaskinen kan virkelig "trylle" av og til.. eller var det personen som fører maskinen som kan det??;-) tipper det siste alternativet;-)

    SvarSlett
  5. Så fin pute! jeg har øgså begynt å nærme meg symaskinen etter en 10 år lang pause. Kjekt! det ligger en utfordring til deg inne hos meg :)
    Madeleine

    SvarSlett