torsdag 1. oktober 2009

Strikk då!

Javel, så er eg henta inn av Frøken Størst (6) til eit strikkeprosjekt. Ho er i handarbeidsmodus for tida. På SFO lærar dei fingerhekling, heime lærer ho å strikke. Og ho synest det er stas. Det er naturlegvis stas for ei strikkande mor også at dottera vil følgje tradisjonen.



Men førebels er det strikking med visse modifikasjonar som gjeld. For det første vil ho ikkje ha monge moskar. Seks moskar er nok, for dei blir fort til tjue. Og då må mora hentast inn til førstehjelp i form av drastiske kutt. Ikkje alle likar drastiske kutt, men her er dei jublande velkomne. Det neste er at ho ikkje vil strikke så langt. Nokre radar er godt nok, og dei påtenkte skjerfa kan alltids brukast til frimerke, dyne til miniatyrdokkene hennar eller som duk på eit lite polly-pocket-bord.



Desse modifikasjonane medfører derfor at mor sjølv må trø til når ønsket om noko meir enn frimerke og smådukar dukkar opp. Og når ho har oppdaga at mor sjølv kikkar innom Sticka til Barbie-sidene (for ho har nemleg tenkt å lage julekalendergåver), så er vegen kort til bestillinga ligg på bordet. Då skal de sjå ei jente som er effektiv. Ho finn fram sølvtråd og rosa tråd, for modellen må naturlegvis vere lik den på oppskrifta (nr. 17 forøvrig), strikkepinnar. Vel, mor sjølv hadde ikkje så tynne strikkepinnar som nr 2 og 2,5 i strømpepinneversjon, men Frøken Størst er ikkje vanskelegare enn at ho ringer farmor som bur på andre sida av fjorden for å få sendt over strikkepinnar. Når dei er komne i heimen ved hjelp av ein kurér, finn ho til slutt ei bolle som passar fint til dette miniatyrhandarbeidet.

Kan ei mor gjere anna då enn å følgje ordre?



Ikkje denne mora.

Så no har eg altså bestilling liggjande, og purringane kjem titt og ofte.
Det er mest så eg ikkje kan gjere anna...

2 kommentarer:

  1. Hehe, herleg innlegg! Du har ein utruleg flott blogg:) Og alt blir vakrare på nynorsk, så hit kjem eg att;)
    Ha ein flott oktoberkveld!

    SvarSlett
  2. For ein kjekk blogg du har :) Tusen takk for kjekk kommentar hjå meg :) Stor god natt klem frå Linda

    SvarSlett