lørdag 3. oktober 2009

Eg listar meg inn...

No berre listar eg meg inn her i nattetimen for å seie at eg nett har kledd på ei barbiedokke. Strikkekjolen blei ferdig nett no, så i morgon kan jenta våkne til ei dokke som sit på hylla hennar og kikkar på henne. Iført rosa kjole med sølvstriper, nett som bestilt.

Eg har så gode minne frå då eg var lita og mor mi skulle lage ting til meg. Eg trur ho sat oppe mange netter, for eg vakna ganske mange gonger til ei sydd bukse, ein strikka genser, dokkeklede etc. som hang fint på ein knagg utanfor soveromsdøra mi.

Det er herleg å vere barn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar