Frøken Mellomst (4) har no lagt inn ei bestilling, men ho veit ikkje kva ho vil bestille... Så dermed blir det strikkepause.
Og sidan eg ikkje har nokre bilete no, så skal eg fortelje om den fine ordninga me har funne for å ha kontroll på rekningar og nøklar her i huset heime. Rekningane dukka jo opp overalt, medan nøklane gjemte seg overalt.
Rekningane først:
Kjøleskapet vårt har vore kledd med rekningar i lang tid (og det er jo heller trivelege ting me vil pynte kjøleskapet med, ikkje sant?), men rekningane dukka også opp på uante stader. Dermed måtte me gjere noko. Her heime har me kjøkkenet nede i første etasje, og så sit me med pc-ane i loftstova i andre etasje. Me er ikkje så ryddige av oss at me sporenstreks går opp med rekningane, så derfor har me kome fram til dette enkle systemet.

Saken er slik at me har hengd opp denne lille postkassa i entréen vår. Han heng ved trappa opp til andre etasjen.

Når me kjem inn med posten og rekningane som stikk seg inn overalt mellom aviser, magasiner, reklame og slikt, så legg me dei i postkassa. Deretter tek me ein magnet og heng på lokket. Det betyr at det ligg ei rekning per magnet i postkassa.

Her ligg altså fire rekningar på vent. Er ikkje dette ei genial løysing? Systemet fungerer og me har kontroll. Jupsi dupsi.
Eit anna godt system for nøklane har me óg funne. Tidlegare hadde me nøklar og anna grums ei skål på ein benk, men denne blei lett overfylt av ingenting. Så derfor tok eg meg ein tur til butikken Ting i Stavanger og kjøpte meg ei magnetstang med dei små rekningmagnetane på. Så køyrde eg til Ikea og kjøpte svarte magnetboksar og magnetkrokar der (og det var då eg såg at magnetstanga eg hadde betalt 169 kroner for kosta 15 kroner der, men det valte eg å ikkje bry meg med. Eigentleg trudde eg at eg hadde lagt det vekk, men nå dukka det opp igjen, hm, mystisk. Ja ja.) Desse boksane og krokane har me hengt på stanga, og då blei det orden i sakene.

No har me altså oversikt over nøklar, pennar, solbriller og magnetar. Og systemet er for lite til å bli fylt opp med grums.
Genialt også det.
Iallefall for oss.
Men no må eg ned til tri døtrer som sit klare og ventar på barne-tv og godis. Dei har ropt på meg at eg må kome og gjere det koseleg, så no må eg skunde meg. For slikt kan ei mor like å høyre.
Ha ein vidunderleg laurdagskveld.

hei.
SvarSlettså lurt system. Likte godt ideen med postkassa!
Ha en fin kveld
Beate
Så artig innlegg- og skikkelig smarte og finurlige løsninger;) jeg måtte alltid innom ting når jeg bodde i Oslo- flotte butikker;)
SvarSlettHåper det ble god lørdagsstemning hos dere;)