
Denne gongen er det vel bjørkeblader som har fått æra. Er dei ikkje flotte? Det er rart korleis slike små kvardagslege hendingar får meg (og sikkert mange andre også) til å omkalfatre litt på ting og tang. Eg måtte sjølvsagt haustpynte stova i heimen vår.

Den gule telyshaldaren frå Marimekko hadde eg tenkt til påske, så han var plassert på ein perifer stad i heimen inntil i dag. Han var jo fantastisk saman med dei lekre bladene.

Og på bildet ovanfor her ser de bittelitt av det nye pleiddet eg kjøpte med meg heim i dag. Eg hadda naturlegvis aldri kjøpt eit pleidd på grunn av tørre bjørkeblader, men det låg altså utanfor ein butikk i byen og var sett ned 300 kroner. Eg ga berre 199 for det, og då berre måtte eg (eg likar når eg "berre må", det er som om det tillet alt og tilgjer alt).

Og så fann eg fram fleire gule ting som eg pynta stova med. Ikkje signalgule ting, som kanskje er meir i skuddet no, men haustgule. Eg syntest det blei så fint saman med andre mørke detaljar.
Herlige farger! Her er det høstlig gull (og rød) ogsa!
SvarSlettHa en fin helg! Hilsen fra Pillepalle
Nydeleg innlegg, fargane er herlege!
SvarSlettHa ei god veke...
Nydelige farger og flotte bilder. Så fin blogg du har, forresten! Den legger jeg inn i bloggrullen min. :)
SvarSlett