onsdag 7. oktober 2009

Pengane flyg i København

No har me vore nokre dagar i København, og eg har enno ikkje sjekka kontoen min. Kanskje godt det. For her går kredittkortet varmt. Fy søren så mykje fint og tøft og søtt og lunt og kult det er her. Himmel og hav.

Eg har naturlegvis gløymt kabelen for å overføre bilete frå kameraet mitt, så eg får vente til me er heime før eg legg ut bilete. Men på bordet foran meg ligg lekre retro sengetøy som eg fann i ein himmelsk butikk i Nørrebro, skjønne barneklede, ein lekker, ja rålekker Fiduciavase, koppar og knaggar, ei lampe, nokre boksar, gamle og nye barnebøker... Og i morgon blir det nytt besøk hos Liebe, for eg trur eg må ha meg eit retrotapet også før eg dreg heim.

Nydeleg ver og glade barn har toppa det heile.
Og hotellrommet, eller leiligheita kan berre anbefalast! Glimrande til barnefamiliar. Her heng Wiinblad på veggen også.

Snakkast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar