onsdag 14. oktober 2009

Eg vil også ha butikk!

Eg er jo ikkje ferdig med Køben enno. Det er noko med ein draum som forsterkast når ein er ute og reiser og blir inspirert. Eg har aldri hatt ein draum om å starte butikk for meg sjølv og trur innerst inne ikkje at eg vil det no heller. Men eg blir så riven med av all den sjarmen som ligg rundt dei små butikkane i smalare gater rundt omkring.

Folk framstår som så kreative og leikne at eg blir misunneleg når eg går og ser.
Som her for eksempel, dei raude spanna med rosa lyng i. Heime ville eg aldri eingong ha kome på tanken om at dette var mogleg, ei heller at det tar seg bra ut. Eg synest dette er råkult, rett og slett.



Og så er det desse stolane og borda med teppene i. Leikne fargar som livnar så voldsomt opp ein haustdag.



Og så er det rett og slett leiker i vindauga som treff det nostalgiske i meg, som rører ved sarte minne frå ein barndom med leik, uskuld og glede. Eg hadde naturlegvis aldri slike leiker som dette, men som barn er slike leiker nærmare sinnet, og det er minnet om den nærheita som gjer meg yr og glad.



Jentene her i heimen blei ståande lenge utanfor desse vindauga og kikke. Dei kjenner sikkert også på ein draum om et eller anna, om noko uoppnåeleg. For eg kjøper ikkje desse antikke leikene til dei, langt ifrå. Til det er dei for utskjemde med leiker, dei herjar fritt. Men draumen og lengta er ei betre gåve enn leiken i seg sjølv.



Så kjem dei butikkvindauga mor sjølv stod lenge utanfor. I andre etasjen ser det så spennande ut, så interessant og kunstarleg.



Eg snakkar sjølvsagt om Susan Liebe sin butikk i Kompagnistræde 23.

Det er herleg å stå utanfor desse vindauga og draume, sjå utstillinga, korleis tinga er sett saman og korleis dei blir framheva av nettopp det.
Det er når eg står utanfor slike vindauge at eg kjenner ei lyst til å ha min eigen butikk eller kreative stove. Eg er ikkje meir enn moderat kreativ, så det blir nok ikkje til noko, men tenk den fridomen det må vere å kunne leike seg fram til ting. Eg måtte ha vore rik då. Så rik at eg ikkje trengte tenkje på pengar og bekymre meg for at dei ikkje kom inn osb.



Dei gamle tapetrullane ho har i vindauget her ligg i hopetal innanfor dørene. Nydelege retrotapetar til 100 kr meteren og 500 kroner rullen (10 m). Eg skal male eit furuvitrineskap i hyttehuset, vurderer å male det svart eller lilla og så tapetsere ryggen inni det. Så eg kjøpte med meg ein tapetrull då, frå butikken hennar. Ikkje typisk digre retroblomar, for det trur eg eg blir lei av raskt, men eit litt mildare blomemønster i rosa, lilla, lyseblå og lysegrøne fargar.



Om det ikkje blir butikk på meg, så har eg iallefall med meg minne frå ein draumebutikk.
---
Kanskje eg skal bruke hyttehuset til ein liten butikk sommarstid og til jul? Me skal jo ikkje bu der til kvardags?
Då kunne eg ha leikt litt utan at det blei for nifst.
Eg må tenkje litt på det...

3 kommentarer:

  1. Aldri så lite gjennkjennelse her. Jeg og tenker når jeg er innom små, sjarmerende butikker - at - akk - det må jo være rene himmelrike å jobbe slik. Så behagelig og veldiftende....mot min jobbhverdag, som er er som å stå i krigen, tørke tårer og snørr. Men så tenker jeg - det er jo en fin "krig" - å være lærer på barneskolen - ingen dag er lik og man rekker aldri i kjede seg det minste. Det er dette gresset da - er det grønnere på den andre siden?

    Jeg har et fjøs jeg har lekt med tanken om å lage en liten butikk av til tider. Jeg har dristet meg til å lage en liten butikk på nett - så lenge. Der trenger jeg liksom ikke stå og være redd for at det ikke skal skje så mye i hvert fall. Så vidt i startgropa med en liten retrosybutikk.

    Da avslutter jeg kvelden og bloggbesøkene mine hos deg - og ønsker deg en god natt - selv om du sikkert ikke ser dette før i morgen ;).

    SvarSlett
  2. Å jo - jeg legger deg til bloggrollen min jeg ;).

    SvarSlett
  3. Jeg skal til København i november, gleder meg masse! Når jeg leser det du skriver her gleder jeg meg bare enda mer!

    SvarSlett