Den viktigaste oppdaginga mi då eg gjekk igjennom alle bladene i den eine bunka (ja, for eg har naturlegvis fleire, må vete), var at eg kan innreie loftet i hyttehuset. Biletet under her ga meg den ideen.
Lekkert!
Eg trur nemleg det er omtrent same høgde under taket og slik ein skrå som her. Og så er det vindu. Tenk kor kjekt det kan bli! Plutseleg slo det meg at det finst atskillig fleire kvadratmeter enn eg har sett føre meg. Juhu.
Og mens eg holdt på med klippinga, reiv eg ut ein reportasje i Rom 123 som stod før jul i fjor. Han er frå Sophie Schnoor sin heim, og den fall eg sånn for. Han er enkel, rein i linjene og kontrastfull. Eg trur eg likar det best.
Men så er det jo slik at eg har det litt sånn enkelt og kontrastfullt i heimen min også, og hyttehuset bør jo ikkje vere likt.
Eg trur derfor eg legg opp til ein mellomting. Litt gamle møbler med nokre mjuke linjer som eg malar. Uff, ikkje lett dette.
Men sjekk det lekre bordet eg fann her under då...
Det hadde vore noko.
Ja ja, det blir nok fleire bilete og draumar etterkvart. Eg er god på draumane!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar