Men han er sjølvsagt alt for dyr for mitt budsjett, og eg har jo planar om at mesteparten skal vere gjenbruk, så det er heilt uaktuelt.
I høve til nokre lampar bryt eg likevel gjenbruksprinsippet. Eg har nemleg kjøpt inn to stykker av desse lampeskjermane under på Ikea. Dei var på tilbod til ein liten førtilapp per stykk, og då berre hamna dei i korga mi.
Eg likte fargane så godt. Dei treff det eg ser føre meg i hyttehuset.
Det er lov å draume om flotte og ekslusive lampar og ting, og så er det greit å vere nøgd med det enkle og tilgjengelege også.
Ein nydeleg dag i dag, forresten. Medan ungane er ute, sit eg på terrassen og strikkar eit pleid (av alle ting i varmen) til hyttehuset. Det er av restegarn. Bilete kjem seinare.
So long!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar