Kakeboksane til mamma, naturlegvis.
Det må omtrent vere slik små barneauge ser desse boksane som foreløpig står på toppen av eit skap på kjøkkenet heime. Dei er tomme, he he.
Dei har nett kome i hus, for idag har eg vore og kikka på møbler annonsert på Finn etter eit dødsbo. Og der var det mykje spanande. Loft og kjellar og to etasjar imellom fullstappa av gamle ting. Eg kunne sikkert ha fylt fleire gamle hus om eg kunne ha frotsa der inne.
Eg fekk forresten frotse litt. For eg kom heim med langt meir enn det eg skulle kjøpe. Eg trur selgaren syntest det var stas med hyttehuset som eg fortalde om, for eg blei dratt med hit og dit og kunne få så mykje...
I dag visar eg kakeboksane. Dei er velbrukte. Tenkjer gamle kvinnehender har vaske og skrubba desse mange gonger, fylt på nybakte kaker og latt små utstrakte barnehender innimellom få søtt.
Eg tenkte å ha dei i hyttehuset, men no er eg ikkje så sikker lenger. Dei passa så godt inn på kjøkkenet mitt her heime for eg har nokre bilete med grønt i der, og dei gamle boksane er fin kontrast til ein nyare kjøkken.
(Eg har bestemt meg for å ikkje vise fram heimen min her for det er
ikkje den det skal handle om. Bloggen er meint å skulle handle om tankane,
draumane og prosessen bak arbeidet og livet i hyttehuset.)
Denne boksen under her kom også med heim. Han har fastmontert lokk og det synest eg er så tøft. I den kan vi ha teiknesaker, sysaker, kaker, reingjeringsmiddel... Ja, berre fantasien avgrensar bruken.
Jepp, no er dei ei lita tulle som har meldt vaken tilstand på babycallen, så no må eg gå. Då går eg inn på eit rom og møter to smilande auge og utstrakte hender. Og så skal eg klemme og kysse henne på dei blaute og mjuke kinna og klemme godt rundt dei lubne låra hennar og halde henne tett inntil meg.
Ho blir eitt år denne månaden.

Så fine og sjarmerende bokser.
SvarSlettIngunn
Så spennende at du skal pusse opp barnerom. Jeg maler bare småmøbler og annet rart, så får veggene bare være hvite som før. Og det er klart du kan få lilla koden på malingen jeg har brukt. Mulig den er litt annerledes på bildene, men vi fikk tak i en liten prøve på malerbutikken, og når vi fikk malt opp et par møbler var den helt etter forventningene. Koden er S3040-R50B. Lykke til hjemme hos deg. Klem Minmill :))
SvarSlett