lørdag 4. juli 2009

Fyrste innlegg

Me har ikkje noko fritidshus enno, men det kan vere me får det snart. Eg har samla saman massevis av bilete frå nettstader som gir meg inspirasjon. Førebels veit eg ikkje kva for ein stil eg vil ha i dette gamle huset, men eg likar ein litt røff stil, er ikkje så romantisk av meg. Så det kan vere det blir nokre rette linjer blanda saman med alskens krusedullar. Eg veit ikkje.

Det er litt rart å skulle starte heilt frå botn av med tanke på å innrede eit hus. Herr Bånd synest det meste er fint, han. Eg óg. Og der ligg vel utfordringa....

Eg har ingen bilete enno. Men det kjem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar