Men fyrst vil eg ta dufta litt inn i heimen. Då blir det lavendelposar. Eg har sett dei vakraste posane med sarte broderi på og lekre kvite silkeband. Men eg er vel kanskje slik at når eg får ein idé, så får eg det travelt.
Eg gjekk på syrommet mitt og fann nokre lommar eg sikkert har klippa frå eit plagg ein eller annan gong, tok dei, håndhekla litt sølvtråd og putta lavendelen oppi.
Posen duftar himmelsk og er no plassert saman med smykkene mine på ein knagg ved spegelen på badet. Eg tenkjer eg må lage fleire av dei slik at jentene mine får kvar sin. Dei er umettelege på dufter tross at dei alle er i barnehagealder...
Ja ja, lavendelduft er sommarduft, og ein ting som er sikkert er at denne også skal bli med oss inn i hyttehuset. Til neste sommar, kanskje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar