tirsdag 7. juli 2009

Møbler skal få nytt liv

Desse gamle møblene har eg fått. Eg har så lenge ønska meg eit slikt kontorbord, men det har ikkje vore lett. I første omgang kjøpte eg eit på auksjon. Nifse greier det der med auksjon, og eg gjorde det per telefon. Det blei ikkje vellukka. Bordplata var delt i to (sprukken), og det kom ikkje fram på bileta. Eg hadde bordet i stova heime i nokre månader, men blei aldri nøgd.



Så lukta eg litt på Ikeavarianten, men det var ikkje akkurat det eg ville ha.

Og så var det slik at eg nemnde et slikt bord for svigermor. Ho er ein frelst ivaretakar, så ho tok meg ned i lageret sitt og fann det brune bordet ovanfor. Ho var berre glad nokon ville bruke det, for ho kunne ikkje kaste det. Tenke seg til... Gjett kven som blei glad.

I tillegg hadde ho to stolar som ho også gjerne ville bli kvitt. Den grøne på biletet er ein av dei. Stolane står no med eit strok kvitmaling i kjellaren i hyttehuset. Neste gong me er der, skal dei ferdigstillast.

Trekk til putene i stolane skal eg lage. Optimist må ein jo vere foran eit slik slåihjelprosjekt som me tar fatt på. I går var eg på Fretex og fann desse kleda som eg tenkte å bruke i setetrekket. Fargane skal gå i brunt, svart og isblått iallefall.
Jakta på fleire stoff fortset. Lurar på om eg skal ta meg ein runde i skapet mitt, eller ungane sine. Der er massevis som ligg og støvar.
Eg er førebels usikker på om eg skal male bordet kvitt.

2 kommentarer:

  1. Hei og velkommen til bloggenes verden. Fant deg fordi du har vært innom min blogg og lagt igjen en kommentar som du har valgt å slette.. og da måtte jeg jo innom her og sjekke ut hvem du er hi hi..

    Nydelig bord du har fått tak i, synes sjarmen til bordet er at man ser det er gamelt og slitt, maler du det hvitt mister det nok litt av sjarmen sin, ville heller valgt å ha veggene der bordet skal stå hvite så det blir en fin kontrast.

    Så spennende å pusse opp et helt hus, (hytte)mye arbeid. Vi har kjøpt oss hyttetomt og begynner mest sannsynlig byggingen i august, det blir utrolig spennende. Håper du stikker innom bloggen min en annen gang også og hyggelig hvis du legger igjen en kommentar :)
    Hilsen anita

    SvarSlett
  2. Så kjekt med ein kommentar! Førebels driv eg litt for meg sjølv ettersom bloggen er heilt ny. Men eg håpar det går seg til.

    SvarSlett