onsdag 8. juli 2009

Fretexkjøp

Det er så mange som finn skattar på loppemarknader rundt omkring. Eg er ingen rev på det. Eg trur ikkje eg likar det heller, for det virkar så stressande og nervepirrande, og det likar eg ikkje. Det eg til nauds kan vere med på er den kampen som oppstår mellom to handlande på Fretex der dei begge har sett seg ut ein skatt, den eine tar på han samstundes som han sensar at den andre er interessert, tar derfor tingen med seg rundt omkring i butikken vel vitande om to auge som følgjer etter for å sjekke om tingen blir sett på plass igjen. Eg likar ikkje slike kampar heller, men hamnar no rett som det er opp i slike.



Det er på Fretexbesøk dei intreff. Og desse djupe tallerkenane var det visst fleire som kunne tenke seg. Eg syns dei hadde så fint og enkelt mønster i vakre fargar.



Dei kan passe godt inn i hyttehuset. Der skal jo det meste vere gjenbruk. Tallerkenane er frå Egersund Fayance og kosta 20 kroner per stykk. Dei hadde berre fem, kunne jo ha tenkt meg fleire. Men me er no fem i familien, så det skulle no kunne fungere når det berre er oss der.




Eg gler meg allereie til å ta dei i bruk, sjølv om det er langt fram. Då skal eg sitje ute på altanen (som ikkje eksisterar enno) og spise sommarretten min frå barndommen, nemleg kavring i sur melk med sukker på. Kvar sommar brukte me å spise kavring i sur melk på vaklande kampingbord rundt omkring på sørlandet. Ungane her har fått smaken på det same, så no er min tradisjon vidareført. Han skal haldast i hevd, det er sikkert.

Og i lekre tallerkenar blir det nok ekstra godt.
Mmmmmmm!

3 kommentarer:

  1. Så kjekt å finne fram til ein heilt ny blogg! Dette hyttehus-prosjektet vert spennande, tenker eg. Eg berre drøymer om eit hyttehus...foreløpig har eg berre eit lite hus...

    Ha ei fin veke framover!

    SvarSlett
  2. hei, og takk for hyggelig kommentar:) Så spennende prosjekt du har! Blir gøy å følge. Det er så klart veldig hyggelig at du legger meg i listen din:)

    SvarSlett
  3. Deilig å kunne videreføre tradisjoner i fem vakre tallerkener!:D

    Spennende prosjekt og veldig fin blogg!

    SvarSlett