torsdag 16. juli 2009

Kvirrevitt - ein award

Eg har fått min fyrste award frå Kvirrevitt og det var kjempekoseleg.



Det er litt rart når ein er ny i bloggverda og nesten ikkje har lesarar, men desto kjekkare vil eg seie. Og ei slik utmerking (for det er vel det det heiter på godt norsk?) framkallar naturlegvis nokre tankar i farten.

Mine går i retning av at eg ikkje heilt veit kven eg skal sende utmerkinga vidare til sidan eg ikkje er vidare kjent i bloggverda, og at om eg ikkje legg inn kommentarar hos dei det gjeld (noko eg som ny bloggar kviar meg for fordi det vil verke som om eg berre vil promotere min eigen blogg - litt sjenert ja!), så er det ytterst få som vil oppdage awarden. Eg håpar jo at eg får fleire lesarar etterkvart, men ein er aldri garantert noko. Blogginga opplever eg likevel som givande fordi eg dokumenterer for meg sjølv kva tankar og planar eg har og etterkvart korleis ting tar form. Men det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det er utruleg kjekt med lesarar og kommentarar også.

Derfor Kvirrevitt - du skal vete at dette var knakande kjekt. Og utmerkinga blir sjølvsagt sendt tilbake til deg. Resten vil eg dosere ut til dei som gir meg inspirasjon på så mange måtar. Det er fleire enn 11, og derfor lar eg det heile stå opent - som potensielt stjernedryss over dei som kjem inn her.


*dryss* *dryss* *dryss* *dryss* *dryss*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar