Eg tenkte eg skulle ha det på barnerommet i hyttehuset.
Det er noko med det å ha noko spesielt når ein er på ferie eller i det minste har reist vekk heimefrå. Eg trur og håpar at dette medisinskapet kan bli noko slikt.
Heime har me en del plastkoffertar med leikedoktorutstyr i. Det vil seie - tanken var at lekedoktorutstyret skulle vere i dei. For i praksis er det jo ikkje heilt slik me mødrer gjerne vil at det skal vere, ikkje sant? I realiteten betyr det derfor at det ikkje blir leikt så mykje doktor og sjukehus her. Jentene finn berre ein og annan doktorting.
Og det er vel det eg håpar å få gjere noko med i hyttehuset. Då vil eg nemleg lage ei lita sjukestove under dette skapet som skal hengje på veggen. Der kan eg hengje gamle kvite skjorter opp på ein knagg og kanskje eit bord og ein stol. Eg veit ikkje heilt. Men det eg likar så godt med skapet er at det ikke vil flyte rundt omkring i leikene, det vil dermed vere lettare å setje ting på plass (eg håpar iallefall det, he he) og det vil ha eit større sjukehusperspektiv.
Nå er det jo ikkje slik at eg er innbitt forkjempar av å leike sjukehus, ingen her i heimen har nokon relasjon til det yrkesmessig heller, men eg likte så godt skapet...
Og då må me jo skape behov - ikkje sant?
Det er vel det mykje av interiørinteresserte er flinke til - å skape behov. Eg er iallefall.
Nå ting fell på plass på barnerommet i hyttehuset, kjem naturlegvis bilete.
Eg kan nesten ikkje kome fort nok igang. Me førebels er eg i byen og her er det lite eg kan gjere med akkurat det.

SÅ spennende prosjekt dere har...
SvarSlettHerlig skap du kom over...likte også godt de kakeboksene..åå..så mye fint gammelt å få tak i..
Helt enig med deg i at disse gamle potetkassene er fine...også det klesskapet da....I like a lot...
Takk for koselig kommentar inne hos meg..
Setter stor pris på nye bekjentskaper...du skriver så godt=)
Klem fra Drops som droppet innom deg.