onsdag 29. juli 2009

Bumling med malingsflekkar - kva gjer eg?

Det forrige innlegget mitt viste mi manglande kjennskap til Bumlinglampane. Eg har ikkje høyrt om dei før, men sidan eg falt pladask for den grøne lampa, så har eg altså fått auga opp for denne lampa og vil gjerne ha taklampa i kvitt.



(Vurderer om eg skal kjøpe lampa til 3000 kroner.) Eg må jo innrømme at den kvite passar betre her enn den grøne. (Sjekk forøvrig Husetvedbekken sine inspirerande bilete frå heimen med blant anna kvit Bumling-taklampe her.)

Men så er det slik at den grøne Bumlingen min etter vask, (han må ha vore arbeidslampe i eit rom der det har blitt sparkla for han var full av sparkel), er fri for sparkel, men dessverre ikkje for kvite malingsflekkar. Eg har forsiktig prøvd å skrape dei vekk, men då går delar av den grøne lakken med. De ser flekkane på lampefoten.



Så er det store spørsmålet om eg skal male/spraye han kvit...

Eg er usikker for eg vil i utgangspunktet ikkje klusse med originalen, men når han har kvite malingsflekkar (ikkje veldig mange, men nok) så blir eg i tvil.

Kva meiner de om denne problemstillinga? Eg synest det er så kjekt med innspel, eg.

tirsdag 28. juli 2009

Rå lampe frå Fretex

Eg har vore på Fretex igjen.



Nokre gonger kan eg gå og gå og ikkje finne noko. Andre gonger går eg rett på. Det gjorde eg i dag. For i dag sto nemleg denne rå lampa der rett framføre meg.



Ei ganske svær lampe også, sikkert 70 cm høg med stort hovud. Og knall grønn. Eg er vel ikkje den som elskar grønt mest, men Frøken Mellomst gjer det, så då hadde eg grunn til å kjøpe den. Det var noko som fengsla så voldsomt.



Ikkje det, den var slett ikkje dyr. 25 skarve kroner måtte eg ut med. Nesten pinleg. Men eg (les: bonden) må skifte støpsel då, for det passa ikkje. Men det skal gå fint.

Eg synest formen er så fin. Kraftig men elegant.



Og mens eg var i det grønne hjørnet måtte eg også ta med meg denne vasen.



Eg kunne ikkje fri meg frå draumen om masse snøklokker i han på seine vintrar. Små barnehender som raudfrosne kjem inn og vil ha noko å setja den spirande våren i.

Han ser diger ut, men er det slett ikkje...



Det er lampa som er det, he he.

Lampa skal lyse godt på mørke vinterkveldar, og snøklokkene skal lyse vår mens snøen ute smeltar. Mmmmm.

(No må eg berre finne ein plass til lampen då... hm.)

Eg surfar på bloggane

Eg trur eg kunne ha sete i timesvis og berre slukt i meg all inspirasjonen bloggane rundt omkring gir meg. Eg kan vel nesten ikkje innrømme at eg somme tider sit i timesvis også. Kveldane her flyg nemleg, og eg føler nesten ikkje at eg snakkar med mannen min.

(Bilete henta frå Rom 123)
Kommunikasjonen kan foregå på dette viset:

Eg sit i sofaen med pc-en i fanget, han sit ved spisebordet med sin pc. Eg finn inspirasjon, seier høgt "Å guri kor tøft", han repliserer "Ja, send lenka." Eg sender lenka, han nikkar og stadfestar mitt utsagn om at det er tøft. Og så surfar eg vidare i blogglandia, han les fleire nettaviser. Nye avbrot med ditto utsagn som ovanfor. Og så høyrer er "Eg trur eg må legge meg no. Det er natt." Eg svarar med halvvegs interesse "Ja, eg kjem snart eg óg". Og så går han, og så begynner eg å skulle avslutte, skal berre sjekke ein ny blogg først, oj den var flott og ny lenke til ny blogg og så er eg fengsla igjen. Og så blir natta stadig mørkare.

I går var klokka passert 02.30. Då måtte eg rive meg laus.
(Bilete henta frå Rom123)
Ikkje enkelt dette.

Me har heldigvis same interesse for hyttehuset vårt og vil gjerne lagre alle gode idear me finn. Så det kan jo forsvare intens surfeaktivitet.
Men berre for ein periode då...

mandag 27. juli 2009

Blafreboksane på plass igjen

Det er mandag igjen, og blafreboksane i heimen er igjen nyvaska og klare til å setjast inn i skapet. Der skal dei stå til neste laurdag. Hos oss brukast nemleg blafreboksane til laurdagsgodt, og jentene kallar dei godteriboksar.



I realiteten er dei jo godteriboksar for oss vaksne også, iallefall for meg. Eg elskar dei.

Det var ikkje enkelt då eg kom heim med dei tre boksane eg hadde kjøpt i vår. Problemet var at eg lot jentene sjølv få velge kva for ein boks som skulle vere deira.



Etter mykje om og men og fram og tilbake, falt valet til Frøken Størst (6) på denne. Grunngjevinga hennar var at det var ei stor prinsesse på boksen og at han var i flest jentefargar.



Frøken Mellomst (4) sitt val falt på denne. Ho likar grønt og syntes denne var kjekk fordi det var så mange prinsesser på han. Då hadde ho flest.



Lille Frøken Minst (1) hadde ikkje uttalerett fordi ho ikkje enno har knekt talekoden, og dermed fekk ho den prinsesselause boksen. Dei to eldste jentene syntes visst denne var kjedelegast, eg likte han best. Frøken Minst kjem nok til å elske han. Ikkje for elefantane si skuld, men for det søte han vil komme til å romme. Førebels er denne boksen ubrukt. Frøken Størst sin har allereie fått ei saftig ripe i lakken. Men slik er det.

Og godteri for meg er no denne boksen som er ny av hausten:


Eg diggar han. Sjekk dei friske fargane og glade motivet. Eg treng ikkje godteriboks akkurat (sjølv om eg kanskje skulle hatt noko å gøyme sjokolade i), men nokre boksar til nåler, knappar, småting er det jo alltid behov for.

Og så diggar eg denne også då...



Han er berre vanvittig skjønn. Kanskje husbonden treng ein godteriboks?

Eg trur kanskje det vil bli fem boksar i hus i haust.
Eg må berre skape eit behov for dei to siste først.

Det skal vel ikkje vere det vanskelegaste.


Og heldigvis har nokre barn kome til verda, for dette kortet under her er uimotståeleg. Der treng eg ikkje skape behov, eg kan berre kjøpe med god samvittigheit. Det likar eg aller best!




(Dei tre siste bileta er henta frå Blafre sine websider)

søndag 26. juli 2009

Sommar i stova

Desse overskya dagane minner ikkje mykje om sommar. Me er heime frå hyttehuset, og driv med litt hagearbeid og putlar litt rundt.



Så er det ei lita jente på eitt år som blir så fasinert av lavendelblomane eg har i ei krukke. Dei duftar jo herleg. Og då får eg det for meg at eg må ta inn litt av sommaren som er i hagen her.



Det er ikkje så mykje som blomstrar akkurat no, men eg fekk då med meg inn lavendel, veronica og nokre kvite små blomar som eg ikkje veit kva heiter.



Eg kjøpte ein staude i vår og visste ikkje heilt korleis blomane ville bli. I bedet er dei små men mange, i vasen meir tydelege og yndige.



Dei er noko større enn brudeslør, finare i blomen, synest eg.




Og så er det rosa veronica. Dei er også yndige.


Og lavendelen som veslejenta gjorde meg obs på. Det er rart når ein veit at plantane er der, ein ser dei, men ser dei ikkje. Og så kjem nokre små barnehender og fiklar med dei, og så blir planten den skjønaste av alle.



Om det ikkje er så mykje sommar ute, så er han iallefall fanga inn i stova vår i kveld.
(Obs - eg har visst gløymt telys i snøballen min.)

lørdag 25. juli 2009

God film: Mother of mine

Ja, så har eg og husbonden sett Mother of mine / Den beste av mødre.



Og etter denne filmen er det best å berre sitje stille, kjenne på det gode og det vonde, setje ekstra pris på at me får vere med våre eigne barn. Det finst så mykje liding i verda. På utallige måtar.

Denne filmen får meg til å tenkje på alle dei barneflyktningane som finst også i dag, dei som reiser frå eine delen av verda til andre fordi foreldra deira trur og håpar at det finst gode menneske som tar seg av barna... Vel vitande om primitiv rasisme som rår.

Eg må la filmen synke i meg. Men også denne er å anbefale.

Min favorittfilm

I dag vil eg berre reklamere litt for det eg meiner er tidenes beste film - Så som i himmelen.



Eg har nokre filmar som for meg er evigvarande og som eg må sjå omtrent ein gong kvart år. Så som i himmelen er ein slik film, og han blir berre større og større for kvar gong eg ser han.

YouTube-klipp med songen Gabriellas song (eg veit ikkje korleis eg legg ut sjølve klippet her)
Gabriellas song er høgdepunktet i filmen!

Filmen handlar om ein stor dirigent som kjem heim til barndomsbyen sin og slår seg ned der. Det skjer mykje med menneska i filmen, fordommar, ekte glede og kjærleik er stikkord.



Michael Nyqvist har den mannlege hovudrolla. Eg treng ikkje seie meir!
For dei som ønsker ei god kvalitetsstund ein sommarkveld, anbefalar eg å sjå denne.

(Sjølv har eg lånt filmen Mother of mine i kveld. Michael Nyqvist spelar der også. Og det er eit kvalitetsstempel!) Så då blir det snurr film her i heimen.

God laurdagskveld til dei som måtte kome innom.

torsdag 23. juli 2009

Fin dag med litt shopping

No sit eg her på seine kvelden og er ganske nøgd med dagen. Til tross for to sjuke vannkoppeungar, den eine med vannkoppar over heile seg, den andre med to stk. (ja livet er urettferdig), så har eg fått unna litt. Det eine viktigare enn det andre, nemleg å få i jord nokre buskar som eg har kjøpt for nokre veker sidan. Eg fekk god hjelp av husbonden til det.
Det andre av ein annan karakter, nemleg ein shoppingrunde.

Eg fekk det for meg at eg måtte ha gardiner til barnerommet i hyttehuset til tross for at det er ei stund til dei kan hengast opp, så det fekk eg kjøpt. Og så fekk eg kjøpt diverse ting me manglar i hyttehuset og som ikkje er så viktig å finne brukt når dei kostar så lite på Ikea - plastboller, tallerkenar etc. Det tar jo faktisk ganske mykje tid å gå på bruktjakt...

Og så blei det frishopping også. Eg er mest glad for denne veska:



Er ho ikkje knakande fin? Det synest iallefall eg. Eg fall for ho straks eg såg henne.



Fargane traff meg rett heime, den mørke bakgrunnen gjer henne heilårsvennleg og så likte eg så godt uglene.

Og så måtte eg kjøpe meg denne lille pengetaska (som me kallar det her) for ho var på salg til 70 % og kosta derfor 17 kroner. Det kan eg like!



Litt reinare i formen enn uglekoret, fredelegare for fredelegare dagar. Alt til si tid.



Og så fekk eg også to handlenett som dette til 70% avslag. Herleg!



Eg synst dei var så tøffe og eg elskar nett. Dei brukar eg til å frakte mat i, ha i klede til ungane når me drar avgarde i hui og hast og elles det eg måtte komme på.



Jepp, slikt har gjort meg glad i dag. Overflateting er igrunnen ok innimellom.
Og akkurat no høyrer eg at det regnar som bare det utanfor. Kunne det vere akkurat som bestilt? Dei nye buskane får det godt, og eg blir endå meir glad.
Eg feirar dagen med ein lollipopis her i sofaen kor eg sit akkurat no.
Ein is inne i regnveret på natta. Det er jo sommar!

onsdag 22. juli 2009

Eg treng råd

Det er ikkje det at eg har så mange lesarar, men eg prøver meg likevel på å legge ut eit spørsmål her.

I hyttehuset vårt er det to stover, ei spisestove og ei gammal finstove. Mellom dei er det skyvedører. Kjøkkenet ligg vegg i vegg med spisestova. Eg grublar for tida over om me skal slå ut denne veggen mellom spisestova og kjøkkenet. På bildet under (ikkje legg merke til kaoset som rår for alt er foreløpig kaos) vil det seie veggen til venstre der de ser litt av døra til kjøkkenet. Det vil ikkje vere mogleg å fjerne heile veggen, for inst i kroken til venstre (ser det ikkje på biletet) på veggen mot kjøkkenet står ein liten ovn. Men frå døra og ut til veggen med vitrineskapet (som må bli kvitt, naturlegvis) kan det vere mogleg å fjerne veggen.

Under er kjøkkenet sett frå døra. Det skal også bli kvitt.


Eg ser vel føre meg eit allrom med ei kjøkkenøy der veggen står i dag eller noko slikt.
Er det nokre vene sjelar her inne som kanskje kunne meine noko om dette eller som har lenker til bilete med inspirasjon? Eg tar alltid best val når eg har vurdert fleire perspektiv.
Mange tankar, ja. Det er iallefall sikkert.

Orla krus

Er ikkje desse koppane tøffe?
Eg kunne godt tenke meg nokre slike i hyttehuset.



Av alle ting drog me til hyttehuset UTAN FOTOAPPARAT!
Det vil seie at sjølve apparatet var med, men at batteriet var dødt. Det er sanneleg godt gjort når eg har gleda meg til endeleg å få tatt nokre bilete derifrå.



Men det hadde vel si forklaring i at me drog eit digert lass med restemøbler får Finn, Fretex og dødsboet. Og så skulle me ha med mat og klede og strikketøy med 100 garnnøster og alt det som trengst.



Eg sto og skulle knipse eit eller anna som hadde så fint lys, og så berre virka ingenting...

- Kva i all verda, tenkte eg. Er det eg som gjer noko gale no?

Neida, hyttemannen kunne konstatere at batteriet var flatt og at ladaren dessverre holdt hus i heimen.
Herreminhatt!

Så derfor blir det bilete av desse koppane istaden. Eg likar dei ganske godt.

Men nykjøp strir imot mitt bruktprinsipp i hyttehuset. Eg har derfor nokre ganske tøffe arva Figgjo-koppar der. Og dei skal eg vise dykk når eg får brukbart kamera å sjå dei med.
Enn så lenge får de nøye dykk med desse Orla-krusa frå Sweet memories. Ikkje verst det, kva?

lørdag 18. juli 2009

Kjøkkendraum

Eg svømmer rundt i draumar.
For draumane er det som er mest verkeleg når ein sit ein stad unna det huset en har draumar om og planar for. Og så er det så mykje å gjere at eg ikkje heilt veit kor me skal begynne. Eg har nemnt soverommet tidlegare. Det har første pri. Og snart tar me fatt på tapetfjerning og penslar.

Men tankane mine driv vidare, naturlegvis. Dei stikk innom dette kjøkkenet også.



Eg vil ha det lyst. Eg vil ha kvite skap og veggar, og så vil eg ha det luftig og lett.


No er det ganske mørkt. Og benkeplata for lav for både meg og hyttemannen.
Her er noko eg syns er fint. Det treng ikkje vere umogleg å få til noko liknande.

Eg snakkar ikkje om ny kjøkken. Det blir på eit anna budsjett. Men det gamle kjøkkenet kan bli ganske godt med litt oppussing. Glasskapet på bildet over er fint. Eit anna alternativ til glassdører er å fjerne dørene og ha hyllene opne. Då kan det bli som dette:


Eg hugsar godt at mor mi tapetserte kjøkkenskapa heime. I grunnen syns eg det er litt styr, men eg er ikkje sikker. Kvitmalte trehyller er også flott.

torsdag 16. juli 2009

Kast det!

... vil mange seie.
Det luktar vondt, det er ekkelt, gammalt og ubrukeleg.



Nei, vil andre seie. Klart eg ikkje kan kaste dette. Himmel - det er jo reine skattekammeret. Arbeidskrevjande, ja, men ubrukeleg...? Nei, ikkje i det heile.

Dette lasset er frå dødsboet. Eg skulle kjøpe eit gammalt spisebord, eg. He he. Og det kjøpte eg óg, altså. Det ligg underst her. Det andre kom på kjøpet. Slikt kan det gå.



Denne trekassa her kan jo bli som dette frå Norsk Stil. Og det er noko slikt eg har i tankane. Hjul skal på og han skal bli kvit viss han skal stå i stova, lilla viss han skal på barnerommet. Det er også lokk med, så kanskje blir han brukt som lite bord, kanskje som leikekasse. Tida vil vise.



Desse kampingstolane er like dei me hadde då eg var lita. Eg synest eigentleg dei er litt grimme og simple, men eg kunne ikkje la dei fare i bosset. Eg har så gode minne frå kampingstolar som ein slår opp som desse. Blant anna har eg klemt fingrane mine utallige gonger i dei, dei var alltid dassblaute fordi me glemte å ta dei inn når det regna, dei var gode og varme å sitje på, og eg hadde min eigen lille røde barnekampingstol som dette. Her er det tre stykk. Tre stykk for dei tre barna mine. Eg trur heller dei vil sitje i desse enn i dei vanlege stolane me andre har. Desse kommer til å bli stas.



Stas er også denne skammelen. Eg fekk med meg fleire slike, og eg er heilt overbegeistra. Dei skal malast og setjast rundt omkring til nytte for kva det enn måtte vere.



Og så var det dette retrostoffet då. Det skal med til hyttehuset. Eg er enno ikkje heilt sikker på korleis eg vil ha det, om dette blir for voldsomt eller om det blir rett, men det skal iallefall med. Lille frøken L vil jo uansett ha grøne ting på rommet sitt.

Kast det!
... vil mange seie.

Dei er galne!
... svarer eg.