torsdag 3. september 2009

Så har me vore i huset, omsider

Det har vore stille her ei stund no. Eg ser jo at når eg sit med ein blogg om eit hus som står ein annan stad enn der me til dagleg bur, så blir innlegga litt sjeldnare. Det får så vere.

I helga var me i hyttehuset. Noko av det deiligaste eg veit då er å hengje opp jakkane utanfor trappa, noko som vitner om at det er folk i huset. (Kanskje ikkje så smart med tanke på tjuvar og slikt, men eg trur no helst det går godt.) Denne gongen blei det jentene sine nye regnkåper som eg fekk så billeg på Sparkjøp at eg måtte ha fleire. Det blei tre sortar; raude, gule og svarte. Og stilege gule støvlar til.



Årsaka til dette voldsomme regntøykjøpet er at eldstejenta har byrja på skulen. Og der har ho det gode og solide regntøyet sitt. Så måtte me ha noko enkelt berre til litt våte dagar. Og så kviskra nokon meg i øyret at Sparkjøp hadde 70% på støvlar og regntøy, og då var saka klar. Regnkåpene kosta 38 kroner per stykk, dei får vare det dei gidd. Og støvlane heile 28 kroner. Eg diggar slike kjøp sjølv om kvaliteten kanskje også ber merke av det. Når alt har ei suppleringshensikt, så er dette flotte ting!

Det aller deiligaste denne gongen var likevel at spisebordet vårt no var klart. Det har vore trekvitt med grønt understell, og så har mannen her malt det kvitt. Eg fekk tips her inne av Kardemomme frå Huset ved bekken (ein fantastisk blogg, om eg må seie) at bordet kunne malast med bengalakk, og dermed blei det slik.

Himmel kor lekkert det blei. Sjølv om omgivnadene ikkje enno er heilt på topp, så glinsar og strålar det av bordet. Me bar bordplata inn straks me kom fram. Ho var våt av regndråpar, men eg kunne ikkje dy meg for å slenge oppå nokre av eplene frå hagen og knipse i veg.



Det blei så flott lys. Ja, dei fleste her inne kjenner vel til det og eg kjem seint etter, men gleda mi er like stor.



Herlege eple!

Dagen etter blei det frukost. Og til frukost samlar me alle rundt bordet, kokar egg og har gode pålegg. Det må jo vere slik på hytta.



Her er det Ikea sine koppar og tallerkenar. Sjølv om eg har sagt at eg skal ha gjenbruk på alt, så måtte eg ha nokre tallerkenar som det var fleire av når me skulle dekke til fleire. Krusa hadde eg kjøpt inn for lenge sidan.



Her er heile bordet i lys frå ein regnværsdag.


Og så har me Frøken Mellomst då, som elskar å dille. Ho måtte sjølvsagt også dekke på bordet nederst i enden.

Seinare på dagen kom sola fram. Og då skein det så fint i bordet.


Eg er berre sååå nøgd.
Og så er det eit par ting til som eg er nøgd med, men det kjem seinare.
Så lenge!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar