søndag 13. september 2009

Geoparken i sol

Einkvar siddis vil vel kjenne att desse. Geoparken er eit ynda mål for barna på finversdagar når ein ikkje orkar å setje igang for mykje men likevel vil ut ein tur. I dag var ein slik dag for oss.



Desse dobbane er kjekke å hoppe og klatre på synest jentene våre. Dei kravlar og sklir og hyler og ler. Dei har nesten blitt eit varemerke ved oljemuseet.

Men Geoparken er jo meir, då. Han er ikkje veldig stor, men han er annleis og kul. Det er som å vandre i eit lite kunstverk midt i byen. Me kosar oss når me er der.



Her balanserer Frøken Størst på ein bor. Tenk at denne har bora seg vei i havbotnen. Fasinerande tanke.



Eg diggar kontrastane. Skarpe fargar i grafittikunsten mot det mjuke blå havet.



Denne dissa under her er stas, men eg er usikker på kva ho opprinneleg har vore brukt som. Kan det vere å frakte dykkarar ned i havet, mon tro? Eg har ikkje peiling rett og slett. Men jentene kosar seg sjølv om det ikkje blir den store farten her. Dei leikar at dei er på eit skip.



Det som likevel slår alt, også i Geoparken, er det som alltid sigrar; VATN.
Av ein eller annan grunn fengslar vatnet slik at alt det andre vert gløymt.

Her er ein krane som ein kan skru av og på vatnet med. Og det blei mykje av og på i dag.

Når vatnet fossa ut her...


flaut det over her.
Og det medførte yrande hyling, våte klede og utørste ungar. Stor glede.

Og det var vel nett gleda som var meininga i dag.
Solfylte søndager er herleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar