Ein kan vel trygt seie det er ein boks med sjel. Og hyttehuset skal ha sjel.
Der skal det vere bulkar og liv, minne og historie.
Eg skulle ønske at eg kjende historien til mange av dei tinga eg handlar inn frå rundtomkring. Derfor har eg sansen for det Fretex oppmodar folk om å gjere når dei leverer inn klede, nemleg å skrive historien om det enkelte plagget.
Tenk om me hadde fått historien om dei enkelte tinga også.
Førebels kan me berre gisse eller fantasere korleis det levde livet har vore.
Denne kaffiboksen fekk eg også i dødsboet, og det var ei gammal dame som hadde hatt han. Ho var ei flott og fornem byfrue som hadde det meste i orden i heimen sin. Kjellaren var inndelt i matsone, verkstadsone, vaskesone, hagesone og meir med.
Men det var gammalt no, gammalt og slitt. Ho hadde nok ikkje hatt hjarte til å skille seg av med tinga sine og minnene dei bar. For mannen hennar døydde for mange år sidan.
Derfor har nok denne kaffiboksen blitt ståande med si historie i kjellaren. Heilt til eg kom inn. Dottera i huset ville kaste det meste, men eg greip fatt i boksen. Eg innbillar meg at frua og mannen hennar har brukt han til kaffi, slik som eg no gjer.
Tenk kor koseleg dei har hatt det, to rundt bordet, ungane flytta ut, ein god og varm kopp kaffi. Og ein kjeks, havrekjeks, tenkjer eg. Nokre sekundar har stoppa opp, kaffien har varma og kjeksen søta.
To eldre menneske ved eit lite bord med nystroken duk på eit kjøkken i eit gammalt hus i ein stor og travel by. Men byen og tempoet har dei heilt klart lukka ute. For i kaffistunda er det berre dei to, og minnene.
Så fint skrevet! :)
SvarSlett