Inspirert av Kaspara sine hjarte (eg har jo ikkje så kule retrostoff som henne, men man tager hva man haver) så laga eg rett og slett eit hjarte som eg putta små lappar inni. Så sa eg nokre ord om desse i talen. Eg likar å ha noko konkret å gå ut ifrå når eg skal seie noko, då visualiserar eg innhaldet på eit vis, og dermed kan det vere lettare å ta til seg.

Skjønt, ein veit jo aldri.
Den eine sida er berre til pynt. (Eg var jo ikkje sikker på om paret likte retro og knall fargar...)
På den andre sida av hjartet brukte eg eit stoff som eg hadde i ein kjole då eg var liten. Ein gut og ei jente som står i kvar sin retning. Eg sydde på eit band mellom hjartene deira og ein hjarteknapp mellom dei. På den måten kunne eg seie nokre ord om at det finst noko som held eit par saman til trass for at dei ikkje er saman og at dette er forplikting, ansvar og kjærleik.


SÅ nydelig det ble- og utrolig gjennomtenkt- tipper talen din kommer til å være med dem alltid;)
SvarSlettNesten synd jeg ikke skal i noe bryllup- for dette var en utrolig god ide!!
Ha en fin kveld