Før var han grønn. Og igrunnen likte eg det også, men eg har ikkje så mykje grønt i hyttehuset, så der passar han best som svart.

Og skammelen er solid. Eg fekk han i dødsboet eg har nemnt fleire gonger her. Kraftig og ganske høg.
Og dermed kan han fungere som eit lite sidebord.
Eg fekk også fatt i eit bestemorteppe på Fretexbutikken i nærleiken av hyttehuset, ikkje akkurat i dei fargane eg ønskte, men det var svarte kantar rundt rutene, og det passar jo til den svarte sofaen min og no skammelen.
Her ligg det i ein stol med mjuke former (også frå dødsboet). Eg veit ikkje om eg vil ha stolen der. For eg vil eigentleg ha ein litt meir moderne stil i hyttehuset. Altså møbler frå nokre år sinare enn desse stolane si glanstid. Møbler med litt meir enkel stil, trur eg. Men eg vaklar jo så fælt, så tida får vise.
Her ligg teppet i ein gyngestol med litt enklare linjer. Eg veit ikkje kva eg liker best av desse to stolane, eg.
Skammelen derimot, den er eg supernøgd med! (Og hadde golvet vore kvitt, hadde eg sikkert dåna av begeistring. Det kjem nok ein dag!)
Den ble tøff- også passet den jo perfekt til teppet;) Synes begge stolene er fine, men holder en knapp på den første;) Det blir sikkert knall med hvitt gulv når den tid kommer;)
SvarSlettHa en fin dag;)
Kosleig krakk og deilig teppe!
SvarSlettHilsen Margrethe