fredag 4. september 2009

Appelsinkassen

Det meste av skattane som var i kjellaren i hyttehuset har me vore nøydde til å kaste. Borebillene hadde bora for mykje i dei. Dermed forsvann potetkassa, gamle trekassar, krakkar og hyller. Men denne appelsinkassa var ikkje angripen, og det er eg simpelthen superglad for.



For no er han blitt eit lite bord i stova. Han har vore tapetsert av svigermor då ho vaks opp, men eg har rive av det meste av tapetet. Eg såg eigentlig ikkje så nøye på kassen før eg plutseleg tenkte at han skulle få bli kaffibord med rom for mine magasiner og ungane sine bøker.



Er han ikkje tøff? Eg skal ikkje rive meir det i appelsinmerket som er igjen. Eg er berre glad eg ikkje fjerna alt før eg tok til vett.



Neste gong me er i hyttehuset skal kassen få seg nokre gode lag med klar lakk slik at eg kan tørke av utan å øydelegge.



Og så skal eg sitje der, med kaffikoppen min.




Og smile.

4 kommentarer:

  1. Koselig,,,,slike gamle ting med minner.
    utrolig hva som kan li en skatt,,,,,
    Ha en fin helg.
    Anne

    SvarSlett
  2. Bra du stoppet i tide;) Den var jo riktig lekker som bord- skjønner du koser deg med kaffen der,) ha en fin helg!

    SvarSlett
  3. Hei! For en utrolig koselig blogg du har. Har aldri vært her inne før tror jeg. Appelsinkasser og andre kasser som brukes som småmøbler er gjenbruk på sin beste måte synes jeg. Hilsen fra Pillepalle

    SvarSlett