søndag 5. september 2010

Flott malever

For ein herleg dag, ja for ei herleg helg me har hatt. Nydeleg ver, sol og god temperatur. Eg synest nett eg var ute og kjøpte inn så mykje haust til barnehagebarna våre, men det har ikkje blitt tatt i bruk enno. Herleg!

Det går trått i hagen vår for tida, eg har ikkje heilt dilla lenger på hagearbeid, men det er kjekt å vere ute likevel. Maling av småmøbler er for tida kjekkare enn ugras.


Så då har eg tatt med meg diverse Fretexkjøp ut i hagen for å fornye dei. Og fargane er blogginspirerte, som de kanskje vil sjå.


Her er til dømes Borghild sin herlege turkise farge. Eldstejenta skal få tallerkenhylle til rommet sitt slik at ho kan leike bibliotek og lage utstilling der. Den lille settekassa er til minstejenta vår, ikkje for at ho vil ha ein, men fordi storsystrene hennar har kvar sin. Det er slik tralten er her, he he.


Her er mellomstejenta sin settekasse (ved sidan av jentene sine sjølvdyrka gulerøter som ivrig har blitt hausta). Han skal få Lykke og Lykkeliten sin herlege lillafarge. Storesyster har allereie sin ferdige settekasse. Desse kassane skal visstnok bli heimar for Petshopane til jentene. Desse to siste her skal sjølvsagt også få noko papir i botnen.



Og så er det denne herlege krakken eg fekk i fjor. Han har no blitt slik:


Og litlebror krakk kjøpte eg på sjukeheimen eg jobba på nokre sommarar for ca 20 år sidan (uff som tida går). Denne minikrakken har vore med meg i sin trekvite drakt på hyblar rundt omkring, men no skal han inn på eldstejenta sitt rom som går i blått og turkist med innslag av lilla. Kanskje eg skal prøve å få tatt nokre bilete der etterkvart.



Desse lilla lysestakane og dei turkise bak, er i hardtre, teak trur eg, eg eg fekk dei på Fretex for tilsaman 70 kroner. Eg diggar dei allereie. Og dei turkise malte eg litt før dei andre, så no har dei fått plass på bordet i stova.


Kjekt med litt fornying. Takk for gode fargetips her. Eg diggar pastellar meir og meir, sjølv om eg ein gong på 80-talet sverga at eg aldri meir skulle ha noko i pastell.

Ha ei god veke!

3 kommentarer:

  1. Flotte farger og flotte ting. Gleder meg til å se dem på plass inne i huset:) Ha en god uke! Klem; Heidi

    SvarSlett
  2. Å, så fint det ble! Herlige farger! Likte alt sammen, jeg :)
    Hilsen fra PiPa

    SvarSlett
  3. Kor har du kjøpt settekassene? Dei var fine!
    Annette (Hllindal)

    SvarSlett