søndag 4. april 2010

Snopeegg i eggboks

1. påskedag startar roleg med barnetv i opptil fleire timar. Det er ein langsam start på dagen. Langsam og god.



Det er herleg å sløve skikkelg på ein dag som denne. Sofaen i tvkroken er flittig i bruk med både teppe, lammeskinn og godteri på bordet. Og denne påsken har eldstejenta i fyrste klasse kome heim med denne nye eggboksen som ho har laga på sfo.



Eg har fått ei omstendeleg forklaring på korleis han er laga, og eggmotivet på er klippa ut frå ein serviett og limt på.



Så no har me fått ein ny boks og dermed kanskje ein liten ny tradisjon. Snopeegg på morgonen 1. påskedag i eggboksen...

Eg synest det er så herleg å skape nye og enkle tradisjonar som kanskje kan gi vakre minne for nokre jenter når dei blir vaksne.

Ha ein god søndag!

1 kommentar:

  1. Så fin boks;) Gøy å skape sine egne tradisjoner;) Og det påskegodtet såg veldig fristende ut- prøver å kutte ut godteri for min egen del- men det er jammen ikke lett;)
    Ha en fortsatt fin helg- vi har nydelig vær her;)

    SvarSlett