Så langt i ferien har me malt fleire møbler, renska opp i hagen og er no berre orientert mot nyting. Vel, heilt slik blir det ikkje, for med hyttehuset ventande, blir det reiser att og fram. Det er langt igjen, men det blir bra til slutt. Ingenting å blogge om derifrå enno, eg reknar med at støv og rot ikkje er så spennande...
No kosar me oss heller med påske i ein litt meir støvfattig (men ikkje støvfri!) heim.

Desse kvistene er gyvel som snart spring ut med gule blomar. Eg diggar gult og turkis.

Og her er eit utsprunge eksemplar av gyvelen. Skikkelege påskekvister det der.

Og her er altså benken i tv-stova vår...

...klar til påskekos med brownies og appelsiner.


Så fine bilder av forsythia i blomst og finfine egg. :) Ha en fin påskemorgen.
SvarSlettEr det forsythia eg snakkar om ja... Eg trudde det var gyvel. Så feil kan eg ta! Takk for retting, he he.
SvarSlettNydelig påskepynt! Jeg også elsker turkis og gult:) Ha en fortsatt fin påske!- Heidi
SvarSlettJeg vet ikke - så nå at det stod gyvel. Jeg vet rett og slett ikke hva gyvel er, men vi har et tre med gule blomster som vi alltid har kalt forsythia. Men den er litt lysere i stammen, så det kan godt hende at det er jeg som tar feil her, altså. :)
SvarSlett