
På slike kalde, men lune dagar, er det herleg med ein kopp kaffi i stolen ute. Eg var innom på Ikea forrige veke og fekk med meg eit dusin av desse krusa her på tilbod til 5 kroner pr. stk. Eg treng eigentleg ikkje tolv, men sidan Ikea hadde sett ei maksgrense, så måtte eg liksom kjøpe maks. Det var jo ikkje mange kronene, likevel.

Lyserosa krus hadde eg vel strengt tatt ikkje trudd eg ville ha, men eg elskar fargen mest av alt. Bleikrosa er nydeleg. Eg er vel på veg tilbake til 80-tals forelskinga i pastellar...

Uansett kor retninga går med tanke på både det eine og andre, eg grip dagen når han inviterer meg ut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar