tirsdag 13. april 2010

Litt hjelp frå deg?

Utanpå hyttehuset (sjå bilete under) skal det kome ein altan som går nesten langs heile veggen. Eg undrar litt på om eg skal ha svart rekkverk på han. Hyttehuset skal etter planen bli kvitt. Eg veit ikkje om dette blir rart... Nokon som meiner noko om det?

Elles er eg på jakt etter eit rekkverk som kan passe... Førebels heller eg til ståande fjøler (kva heiter det eigentleg) med kraftige kvadratiske bjelkar/stolpar/stenderar imelom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar