Men her er no eit bilete som viser arbeidet med hyttehuset vårt. Ny altandør er på plass, så no blir stova innanfor lysare. Eg gler meg til me kan svinge malarkostar og gyve laus på det som viser igjen, he he.
Vel, i dag har eg med god hjelp frå mora mi sydd heile 9 puter, store og små som skal vere både i hyttehuset og i leikehytta til jentene her heime. Me held forresten på med ei oppussing av leikehytta. Det kjem eit innlegg om resultatet derifrå når meir er på plass. Me har ein bursdag som deadline, me jobbar nok best under press her hos oss.
Nydeleg helg, forresten. Me har vore mykje ute, eg har til og med fått litt farge. Herleg. Meir meir meir!
Håpar på ei fin veke også.
Hei! For et flott hus/hytte. Blir sikkert deilig å få det ferdig.
SvarSlettHa en fin uke!
Hilsen Elizabet