torsdag 15. april 2010

minnebrikke og leikehytte

Eg har ei lita tulle her heime som har ei hang til å trekke til seg alt som er smått. Miniatyrar er fantastiske for henne, og tenderar mot å bli ei mare for oss vaksne. Her ein dag lot faren henne få leike med minnebrikka i kameraet...
Og dermed har eg ikkje høve til å ta bilete, for den lille brikka kan liggje i alle skuffer eller skap, i sengebotnar og støvlar. Ho veit kanskje kor, men ho likar å vere interessant og held derfor gjerne på ei spenning. Ho er i det minste kreativ...

I dag då ho og systera leika i leikehytta si, sa ho: "Sjå kor fint mamma og pappa har gjort det til oss her!"

For me held på med leikehytta no, ein barnehagebenk er malt lilla, retroputer er sydde og nytt vindauge sett inn. Eg fekk med meg eit sjarmerande lite bord frå Fretex i dag samt ein postkasse i tre som skal malast. Eit par tallerkenhyller blei det også. Så skal me lage oppvaskbenk, sy gardiner og plante i blomsterkassa.

Det var berre den minnebrikka då...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar