Me har den siste tida jobba ein del med jentene si leikehytte i hagen. Det er kjekt når me omsider er i gang, men det har tatt si tid å kome i gang, det må eg vel innrømme.

Det heile starta no i vår med at me endeleg fekk sett inn og malt eit ekstra vindauge (eg fann eit billig og malingsslitt, men heilt, på Finn). Hytta hadde frå før eitt vindauge, men det vendte mot aust, og dermed kom det aldri noko triveleg lys inn i hytta. Det nye vindauget vender mot vest og er langt meir triveleg. Og det var vel det som var katalysatoren for oppussingsarbeidet.

Iallefall fekk me i sving fleire av dei ventande prosjekta. Pappaen snekra til denne kjøkkenbenken (inspirert av
Bo med barn) og laga hol til ei stålbolle eg har hatt lenge og som har blitt ganske sliten og ripete på innsida. Kjempefin til vask. Så fekk eg mormor til å sy gardiner og kappe samt gryteklutar av sengetøystoffet eg kjøpte i København i haust.

Jentene må visst ha kvar sin oppvaskkost, det blir problem med berre ein (rart det aldri skjer inne på kjøkkenet vårt).
Bakom gardinet under benken er det ei eikstra hylle, og der står smågrytene og litt anna kjøkkenutstyr små jenter treng i ein hektisk dokkekvardag.

Så fekk me malt det lille vitrineskapet eg kjøpte billig på Fretex i haust. Jentene ville ha noko lilla til bakvegg, og då hadde eg liggjande eit papir som passa godt. Dei er lilla-fan for tida. Lilla er heilmaks.

Inni dette vitrineskapet sette eg fine plaststetteglas frå Ikea og noko koppestell dei har fått tidlegare. Dermed blei det eit kjekt kjøkkenskap for finare ting enn gryter.


Slik er altså kjøkkenet i hytta no. Ei påskelilje pyntar benken. Den er frå ei av jentene sine venninner sin hage. Ho kom med kvar si lilje til jentene her ein dag. Skjøne vener!
Elles held eg på å få i stand ei fransk gardin (også inspirert og med oppskrift frå
Bo med barn) til det andre vindauget. Eit bord bør bli malt osb.
Eg kjem tilbake med meir frå leikehytta om litt. Imens er ho i full bruk kvar dag, dokkene her i heimen har fått eit nytt liv og ein ny heim. Eg sit berre og nyt synet av småjenter som leikar vaksne.