søndag 17. oktober 2010

Kvardag igjen

Det er klart for kvardag igjen. Haustferien er alltid kjærkomen her hos oss. I fjor hadde me tidenes tur til København med kjekke kafébesøk, leikeplassar, butikkar og dyrepark. I år trekte me oss meir tilbake og holdt oss i hyttehuset som me endeleg kan bruke. To heilt forskjellige feriar, like sjarmerande innanfor sin sjanger.


I hyttehuset fekk me ordna meir på plass, malt, rydda og slappa av. Sjølv om hyttehuset i hovudsak skal bere preg av å vere eit sommarhus, må me tilpasse det litt til kaldare dager også. Her er "skrivekroken", eit gammalt bord frå svigermor, ein krakk frå ei gammal dame, bestemor si veske, tallerkenhylle, lampe, miniglobus og reinsdyrskinnet på krakken (heilt nytt og ubrukt) frå Fretex.


Og i venstre hjørne heng Borghildposen som er har hekleria mine i. Eg kan nesten ikkje hekle, men har no kasta meg over eit lite prosjekt som eg håpar kan bli brukande. Er ikkje posen fin? Han er med meg overalt for tida.


Og så har me pakka og gjort oss klare for heimturen, kjøkkenøya og hylla over er eg blitt så glad i, så eg kan ikkje dy meg for å leggje ut eit par ekstra bilete her.



No kallar kvardagen igjen, møter, retting (ja, eg har ikkje retta noko i ferien!), treningar. skule og barnehage. Men inni der ligg også komande strikkekveldar med stearinlys og god grøn te.



torsdag 14. oktober 2010

Bestikkpose

Før me drog på haustferie denne veka, var eg innom mi gode venninne Cecilie, som er dagleg eigar av Gardintrylleriet. Ho er bånn sløv på marknadsføring av eiga bedrift, ikkje har ho nettside, ikkje har ho blogg og ho er ikkje på Epla eller Facebook. Kva i all verda? Men ho har sine faste kundar i Stavangerregionen som held ho i live. Ho syr nemleg gardiner, puter og slikt på bestilling, og det er nok å gjere. Men det kan jo alltid bli meir, ikkje sant?


Sjølv synest eg ho må komme seg på nett og vise kva ho syr. Iallefall, eg var innom henne for å få sydd kjøkkenliftgardiner til hyttehuset vårt, då ho i forbifarten nemnde at ho syntest det var så kjekt med bestikkhaldaren som ho og mannen hadde heime.

Ein kvafornoko? spurde eg.


Jo, då kom det fram at dei ofte gløymde bestikk når dei laga mat og at det var så praktisk å ha bestikket liggjande på kjøkkenbordet i ein passande stoffpose ho hadde sydd.

Ah, for ein sjarmerande ting å ha, sa eg. Og så oppdaga eg at det låg ein liten bit av dette stoffet med favorittfargane mine framføre meg...


 Då eg skulle hente gardinene eit par dagar seinare, sto det to slike posar klare til meg. Ein til bestikk, ein annan og noko større til serviettar eller det som måtte vere praktisk å ha i nærleiken på bordet.

Eg har prøvd meg på både innbrett og utbrett, men likte utbrett best. No står bestikket i nærleiken kor enn me er.

Under her er kjøkkenøya vår, og retroposen er eine sida ev ein fantastisk stoffpose fra Borghilds b-design. Tuusen hjarteleg takk. (Posen har fått ny stad no, så bilete kjem seinare, då med andre sida fram).


Nydeleg ver i dag, modne eple og pærer i hagen, fin tur langs sjøen med minstemor, heimelaga potetstappe til middagen og eigensnekra brownieskake til kaffikos. Haustferie var det visst. Mmmm!

tirsdag 12. oktober 2010

Haustferie i hyttehuset - velkommen inn!

No er dørene i hyttehuset på eit vis opna. Me er her på haustferie og storkosar oss, sjølv om det framleis er mykje arbeid som blir gjort og som skal gjerast. Det store i denne omgangen er at no er golva ferdige i heile huset minus trappa opp. Det betyr at me kan ta ibruk alle romma, og det er rett og slett skamherleg. De skal derfor få kikke litt inn, sjølv om det tar tid å finne riktig plass til det meste.

Her er bestastova (tv-stova, he he).

I denne stova er alt brukt, anten kjøpt via Finn, arva eller kjøpt på Fretex. Det gjeld vel nesten heile huset. Golvet er slipt, kvitbeisa og lakka, veggane malte ørten lag med kvitmaling (vannbasert har dårlegare dekkeevne, sukk). Det store tv-skapet er ein kopiert ide frå BodilBo og ei gullgruve for oss med stor og klumpete TV og barn med fargestifter, spel etc. Alt ligg trygt og godt bevart + skjult inni der.


Her ser det magasinholdaren her i hyttehuset, ei gammal veske etter mannen si bestemor. Eg syntest veska var så skjønn at ho måtte i bruk på eit vis.

Så vandrar me inn på kjøkkenet der me omsider har fått ferdig det meste. Denne kjøkkenøya frå Ikea er unntak fordi ho er kjøpt ny. Me har brukt fleire dagar no på å få henne på plass, for det viste seg å ikkje vere heilt enkelt  med skeive golv og veggar. Men no står ho støtt som fjell (håpar eg).


Under her er kjøkkenet sett frå andre stova, spisestova vår. Kjøkkenøya er heilt enkel, men ein draum når ein skal lage til noko til dei små. Kjekt å stå med fjeset mot dei når ein lagar mat. Oversjå rotet på kjøkkenbenken! Den svarte lysestaken er ein gammal messingstake frå 90-talet som er lakka svart. Passar godt her, synest eg.


Og når kvelden kjem og noko godt dukkar opp på benken, kikkar dei små fram...


Haustferie er herleg!
God ferie til de av dykk som har det no.

tirsdag 5. oktober 2010

Fargerike bøker piffar opp

No som hausten bankar på, kjenner eg ei dragning mot fleire fargar i heimen. Eg har ein del bøker som eg har i hyller med dører foran. Men no skal nokre av dei fram i lyset og setje farge på ein del av stova vår.

Utgangspunktet er dette hjørnet her. Den mørke hylla har vel vore fylt med litt ymse, tenkjer eg, he he.


Men så dreg eg fram nokre bøker...


Og straks blir det meir liv i stova. Dette er datakroken min. Eg sit ved dette bordet som er eit loppefunn, på stolen frå Fretex. Litt malingsflekkar på han på ryggen, men pytt. 


Det blir meir liv med bøkene sortert etter farge. Eg er eigentlieg ikkje tilhengar av slik fargesortering, men eg  fann ikkje grunnar til å skulle vere imot så lenge eg kjenner meg glad av det.


Og den elles noko grå og triste kroken i eine stovehjørnet er kjempefin no, synest eg.


Og av alle ting, så passa den gule vasen eg kjøpte i Århus i fjor godt inn, og dei turkise lysestakane eg malte for nokre uker sidan fekk fin plassering.

Eg fann forresten også ein svart settekasse på Fretex her om dagen, og den skal eg tapetsere med litt fargerikt papir og henge opp på veggen her. Håpar det blir fint.

God veke!

mandag 4. oktober 2010

øs pøs

Øs pøs regn. Då tenner me eit lys og så er alt fint.


Og eg samlar på Figgjo Clupea i tillegg til Victoria.