
Men det er ikkje tilfellet, eg har berre vore på Fretx, igjen. Det blir litt mykje Fretex når ein har fridagar innimellom. Men eg nyt det jo.
I dag kjøpte eg med meg desse endene, og eg veit ikkje om eg synest dei er litt harry eller om dei fungerer godt. Eg heller til det siste.

Her er dagens fangst (solbrillene frå H&M er inkludert, for små jenter som gjerne vil gjere likt mora si må jo også få solbriller). Eg måtte stikke innom ein hobbybutikk etter Fretexbesøket for å gjere fangsten komplett. Saken er nemleg den at eg kom over ei settekasse, og det har eg hatt lyst på så lenge. Og dermed måtte eg jo kjøpe med meg papir og lim til å tapetsere med.

Settekassa har ei glassdør foran, og det passar meg fint sidan eg er rimeleg tolerant i høve til støv i heimen. Tinga kan med andre ord få vere støvfrie lenger.

Her er papiret eg kjøpte, og det fine er at det er tosidig slik at det er eit anna mønster på baksida. Genialt! Eg har også noko papir frå Rice liggjande, så no skal settekassa få kulør.
Og så ramla eg over dette blå stoffet som eg likar så godt. Eg hugsar dette mønsteret frå barndomen, anten seint syttital eller tidleg åtti. For ikkje så lengje sidan kjøpte eg ein brun boks med dette mønsteret også, så eg får litt hjartebank når eg kjem over mønsteret. Blåfargen her er nydeleg.
Det blir et spennende og fargerikt prosjekt, den settekassa ;).
SvarSlettSå hyggelig at du vil være med på gi-bort-konkurransen min i retroånd ;). Kan ikke gjøre noe annet enn å ønske deg lykke til med trekningen. Hei og hopp, hilsen Nina ;)