Så er påsken for i år slutt. Og sjeldan har eg følt påsken har vart så lenge som i år. sannsynlegvis skuldast det det fine veret og alle mogleiheitene det gav. Det kjennest som ei evigheit sidan spisebordet vårt heime var lasta med stoff som skulle til hyttehuset.
Ikkje akkurat ei standard påskeoppakking, kan eg tenkje, men det er så mykje som skal med kvar gong me tek turen.
Og så var me på plass, og klare for den første påskefrokosten.
Der kom dei herlege eggevarmarane som
Kaspara har laga naturlegvis på bordet. Flittig brukte heile påsken!
I hyttehuset legg me frå oss alt kav frå kvardagen, og nokre av oss tek fridomen heilt ut. Her er det radiolytting på bordet!
Soling, lesing, turgåing, leiking, klatring og vedstabling var mellom anna påskeaktiviteter.
Men det måtte også vaskast litt, og då var det godt med små hjelparar. Her hadde minstejenta fått seg bleiehatt. (Ikkje sjå på det uferdige taket, det er mykje arbeid igjen, men me tar det etterkvart.)
No er me klare for å ta fatt på kvardagar igjen. Og det er gjerne du óg?
God veke!