No rasar vinterferien her i distriktet, og me har vore ei lita veke i hyttehuset. Stadige ting skal ordnast, malast, fiksast osb., så det blir fri i kombinasjon med småjobbing. Men dette kosar me oss heldigvis med.
Denne gongen hadde me med eit klaffebord som skulle få ny farge. Eg blei ganske fornøyd. På veggen over heng biletet med tittelen "Dronning Sonja og Kongen av Afrika" som blei teikna av eldstejenta her då ho var fire år. Eg synest tittelen er så herleg.
Biletet skal få ny plassering snart for me skal ha inn ei svart tallerkenhylle over dette bordet neste gong me tek turen.
Det blir jo nokre tøyblomar i vasane i ei hytte, men her har mellomstejenta supplert dei kunstige med ein tørka variant i anledning mora sin bursdag.
Og mor fekk også eit par herlege gåver som resulterte i denne draumen av manotallerkenar. Koppane mine i dei same fargane står heime, så desse blir med heim i heimehuset. Og når ungar og mann veit eg elskar blader, blei eit slikt naturlegvis også ei gåve.
No er me heime igjen, men framleis med nokre fridagar. Herleg!





Så koselig med en hyttehustur! Og gratulerer med dagen! Fine gaver du har fått. :)
SvarSlett