Det som er heilt klart her i heimen - det er at husbonden ikkje liker det "nye" billyskapet vårt. Det har endra farge frå kvitt til svart. Sjølv synest eg det blei veldig kjekt. (Eg har ei naudløysing om eg skulle endre meining. Me har framleis dei kvite vitrinedører til hyllene, dei er berre flytta til ei anna hylle i eit anna rom. Me kjøpte nemleg billige vitrinedører i bjørk på Finn som me malte svarte. Eg er jo litt vaklande når det gjeld slike ting, så denne løysinga er eg fornøgd med) Vel, saken var jo den at eg syntest det kvite skapet var så kjedeleg til veggane me har på kjøkkenet (eg er enno ikkje overtydd om at eg skal male dei kvite), så derfor blei vitrinedørene malte istaden.
Det gjenstår litt finskjering av maling rundt karmen, men eg måtte berre ta skapet i bruk.
Så kom Anne Black-knottane på plass. Det blei ikkje så verst.
Soppen er kjøpt av Den gode feen tidlegare og flyttar litt rundt omkring i heimen.
Det er så mange som syr så mykje fint her på bloggane.
I dag har eg blitt inspirert av bloggsaum, så eg har faktisk sydd på symaskina mi. Snart skal eg vise dykk resultatet...
God helg!
Hei ! Så flott og for noen herlige knottar.
SvarSlettHa ei fin helg.
Så flott det ble! Denne sopp liker jeg også veldig godt.
SvarSlettHilsen fra PiPa
Hei :) Jeg satt i går kveld og leste meg gjennom hele bloggen din, og fant ut at her vil jeg følge med :) Du har en kjempefin blogg ! Følgerknappen fungerte ikke , så jeg la deg inn på favoritter . Nå fungerer det ! Så jeg legger meg til som følger jeg , og gleder meg til å følge deg :)
SvarSlettHa en fin dag :)
Hilsen Janne