Det er likevel ikkje berre syriner eg henta inn til helga. I dag blei det eit godt utval av Knertenar også. Jentene her i heimen har nemleg kalla venninnene inn til Knertenkino. Og då må sjølvsagt alle få kvar sin eigen Knerten.
Det var eg som måtte ut og leite etter Knertenfamilien i eit tre her omkring. Eg reinska vekk alt av grønt og passa på at kvar ein hadde armar og bein.
Stor stas!
Så no sit sju jenter foran tv-en her i stova og et popcorn og frukt medan Lillebror og Knerten held show for dei.
Ein kjekk aktivitet på ein fredag med regn.
God helg!





Syriner er nydelige! Jeg har netopp plantet det som forhåpentligvis blir en frodik syringbusk etterhvert :-)
SvarSlettHei!
SvarSlettSå koselig!
Veldig god ide! Enkelt men veldig hyggelig! Gode barndomsminner blir dette!
Ha en god helg!
Kristin, Akeleiegården.
VAsen er en gammel klenodie fra Magnor faktisk! Et felles funn:-)
SvarSlettTakk for trivelig kommentar!
Ha en nydelig torsdagskveld.
Signe