søndag 14. mars 2010
lørdag 6. mars 2010
Laurdagssysler
I morges fekk eg det føre meg at viss eg ikkje fekk ordna settekassa relativt raskt, så blei ho berre ståande og etterkvart sett vekk. Dermed blei det hobbykos for alle jentene her ved spisebordet på morgonkvisten. Jentene har fått seg krympeplast som dei er heilt hekta på. Dei teiknar og steikar og får deretter små harde plastfigurar som dei sjølv har dekorert. Eg heiv meg over klipp-og-lim-arbeidet, og det blei ein herleg start på laurdagen her.

På laurdagane elskar eg å kunne stille ungane spørsmålsformuleringa:
- Ja vel, jenter, me har heile dagen i dag, kva skal me bruke han til?
Dei plar tenkje seg om ei stund, nokre gonger vil dei gå på forteljarstund. Det er eit herleg tilbod som barn frå fire år i Stavanger får gratis. Profesjonelle forteljarar fortel eit par eventyr dei plukkar fram frå ein koffert som skal ha reist verda rundt. Knallkjekt! Andre gonger vil dei vere heime og leike med kvarandre, då kler dei seg ut med vesker, sko, skjørt, skjerf og solbriller og leikar vaksne. Eit herleg syn. Nokre gonger vil dei berre sjå på tv, mens i dag ville dei (med litt vaksenstyring) at me alle skulle gå på Vitenfabrikken.

Og dermed blei det slik. Me har ikkje vore der før, men det var ein spanande plass å vere. Teknologien forstår dei ikkje så mykje av, men tilboda strekk seg langt ut over det. Det som vel traff familien best, var den lille øvelsen to stk. kunne ta der hjerneaktiviteten blei registrert og der det handla om å slappe mest av. Eg blei overlegent slått av mannen i heimen (og han fekk derfor ei bekrefta forklaring på mykje, he he), dei små jentene slo deretter oss vaksne overlegent. Det måtte skikkeleg konsentrasjon til, og det var herleg å sjå at ungane hadde så lett for å slappe av. Me skulle nok ha lært meir av dei der, trur eg. Iallefall me kvinner, tenkjer eg ;-)

Eg fekk også lure til meg ein liten Fretextur, og sjølv om det ikkje var så mykje nytt i butikken, kom eg over desse gamle handarbeidsblada. Kanskje eg finn noko som gir meg ei herleg, tankefri og avslappande stund der?
No er det iallefall seinhelg, og den skal berre nytast.
Ha ein god kveld.

torsdag 4. mars 2010
Nei, det er ikkje påske enno
Ein skulle tru eg hadde pynta stova til påske her...

Men det er ikkje tilfellet, eg har berre vore på Fretx, igjen. Det blir litt mykje Fretex når ein har fridagar innimellom. Men eg nyt det jo.
I dag kjøpte eg med meg desse endene, og eg veit ikkje om eg synest dei er litt harry eller om dei fungerer godt. Eg heller til det siste.

Her er dagens fangst (solbrillene frå H&M er inkludert, for små jenter som gjerne vil gjere likt mora si må jo også få solbriller). Eg måtte stikke innom ein hobbybutikk etter Fretexbesøket for å gjere fangsten komplett. Saken er nemleg den at eg kom over ei settekasse, og det har eg hatt lyst på så lenge. Og dermed måtte eg jo kjøpe med meg papir og lim til å tapetsere med.

Settekassa har ei glassdør foran, og det passar meg fint sidan eg er rimeleg tolerant i høve til støv i heimen. Tinga kan med andre ord få vere støvfrie lenger.

Her er papiret eg kjøpte, og det fine er at det er tosidig slik at det er eit anna mønster på baksida. Genialt! Eg har også noko papir frå Rice liggjande, så no skal settekassa få kulør.
Og så ramla eg over dette blå stoffet som eg likar så godt. Eg hugsar dette mønsteret frå barndomen, anten seint syttital eller tidleg åtti. For ikkje så lengje sidan kjøpte eg ein brun boks med dette mønsteret også, så eg får litt hjartebank når eg kjem over mønsteret. Blåfargen her er nydeleg.

tirsdag 2. mars 2010
lys
No i skumringa kjenner eg ei ekstra glede over kvitt spisebord. Det er kanskje kjedeleg å høyre om slikt, men eg nyt lyset i bordet og den lysare kvelden i lange drag. Lyset får jo kvelden til å vare lenger og bordet får tinga betre fram.

Her er spisestova mi då, med nytt bord og ny lampe og nytt "medisinskap" som fungerer som fyrstikk- og telyshus.

Eg måtte forresten bytte lampa for det blei for mykje lys med glasskuppelen. Eg likar når lyset blir styrt litt. Det blei betre med ein tett metallskjerm.
No er det kveld igjen, gitt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)